No startar arbeidet med Straumetunnelen

I midten av juni vil vi starte på arbeidet med Straumetunnelen. Det austgåande løpet blir 743 m langt, medan det vestgåande løpet blir 698,5 m langt. Frå juni 2024 vil vi drive tunnelen frå aust ved Stovevatnet. 

Her vil Straumetunnelen komme.

Tunnelen skal gå under Straume sentrum, og komme ut ved Straumsundet.

Vi startar arbeidet i aust ved Stovevatnet. Oppstart i vest ved Straumsundet, skjer seinare i prosjektet. Informasjon om arbeidet i vest kjem i god tid før oppstart.

Oppstart: Vi planlegg å starte arbeidet med Straumetunnelen i veke 24. Etter planen kjem arbeidet til å pågå fram til sommaren 2025.

Arbeidstider: Heile døgnet ved tunnelarbeid. Det vert ikkje støyande arbeid mellom kl. 23:00 og 07:00. Avvik kan førekome, men vi jobbar etter beste evne for å unngå det.

På Straume er forskjæringa til Straumetunnelen klar. Vi starter med driving av tunnelen i sommer. Tunnelen blir 743 meter lang.

Arbeidet med tunnelen kjem til å innebære sprengning, som vil føre til støy og vibrasjoner i området. Når vi sprenger vil naboar merke rystelsar som kan kjennast godt.

Vi planlegg å sprenge i snitt to salvar for dagen. 

Les meir om sprengningsarbeid her: Informasjon om sprengningsarbeid

Varsling:

Naboar og berørte kan melde seg på SMS-varsling for sprengningsarbeid ved å sende navn og nummer på e-post til varsling.a4@slcjv.no.

Sprengning vert varsla på SMS 30 minutter før salve går av. Det vert også varsla med kraftig sirene i ca. 1 minutt før salve går av.

Her kjem tunnelinnslaga fra Stovevatnet-sida.

Meir informasjon om arbeidet i Straume-området:

Naboinformasjon Straume, mai 2024

Arbeidsplan for Straume

Dette skal vi bygge i Straume-området:

  • Straumsundbrua
  • Indre Arefjord bruer
  • Straumetunnelen
  • Underganger/bruer
  • Rundkjøring
  • Gang- og sykkelveg
  • Miljøgate
  • Nytt kollektivanlegg
  • Bussveg
  • Ny lokalveg
  • Høgspentomlegging
keyboard_arrow_up