Slik bygger me Nye Sotrabru!

Sakte, men sikkert reiser dei to tårnbeina seg i Knarrevika på Sotra. Arbeidet med Nye Sotrabru er snart inne i sitt andre år. Den nye firefeltsbrua mellom Sotra og Bergen skal stå klar i midten av 2027.

Køyrande over Sotrabrua har fått med seg utviklinga sidan senkekassane blei frakta inn på lekter i fjor haust.

Brutårna på kvar si side av fjorden har to tårnbein. Tårna står på massive betongfundament støypt direkte mot berg. Det går med cirka 300 kubikkmeter betong i kvart fundament.

Nye Sotrabru.
Det er i Knarrevika ein er komen lengst på arbeidet med brutårna. Tårna ruvar no om lag 45 meter over fjorden. I Drotningsvik held ein på med førebuande arbeid til støyping av fundament til brutårnet der også.

– Ein blir godt vant med høgder i denne jobben, seier prosjektleiar og bruansvarleg i Statens vegvesen, Håkon Matre, som står trygt plassert på klatreforskalinga meir enn 40 meter over havet.

– Når ein skal bygge hengebru, bygger me først brutårna. Deretter kjem det kablar over brutårna.

Håkon Matre på toppen av brutårna i Knarrevika.
Prosjektleiar i Statens vegvesen Håkon Matre på eit av tårnbeina i Knarrevika. Dette er ikkje den første hengebrua Matre har ansvar for å følgje opp. Han var også med på å bygge Hardangerbrua som blei opna for trafikk i 2013.

Samstundes vert det bygd forankringar inne i fjellet som kablane skal henge fast i.

– Me har eit mål når me kjem til 128 meter, då skal kablane gå over, før me bygger tårna vidare opp til 145 meter.

– Til slutt kjem brukassen til staden og blir montert i hengestengene, seier Matre.

Brukassen kjem sjøvegen og blir heist på plass frå ein lekter. Dette er den siste store brikka i puslespelet og skal skje i løpet av hausten 2026.

To viaduktar

Me bygger også to viaduktar i kvar ende, det er den brua som går frå land og ut til brutårna.

I Knarrevika støypte me nyleg brudekket på vidaukten. Ein operasjon som kravde kontinuerlig støyping i rundt eitt heilt døgn. Over 100 betongbilar køyrde i skytteltrafikk inn til anleggsområde for å levere betong.

Heile 1000 kubikkmeter med betong måtte til for å fullføre støypen.

Illustrasjon av Nye Sotrabru
Slik blir brua sjåande ut når den står ferdig om tre år. Brua  blir 29,5 meter brei med fire køyrefelt og sykkelveg med fortau. Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter. Brua er prosjektert og designa av Norconsult.

Liten plass

Alson Bae er leiar for bygginga av brutårna i Sotra Link Construction. Han trekk fram at ein av utfordringane med å bygge brua er at det er trongt om plassen i byggefasen.

– Samanlikna med andre prosjekt, er arbeidsområde her veldig trongt. Det å bygge brutårn krev store og tunge material. Me må planlegge godt for å utnytte plassen effektivt. Mesteparten av tårnarbeidet vert gjort i høgda. Derfor er me veldig opptatt av sikkerheit og har det som vår viktigaste prioritet, seier Bae.

– Korleis påverkar r og vind bygginga?

– Vinteren i Noreg byr på dagar med færre timar med dagslys og lange netter. Mykje av arbeidet med ei hengebru går føre seg i høgda, og me får utfordringar med sikten på grunn av mørket. Skikkeleg arbeidslys er naudsynt for å sikre at me kan arbeide trygt. I tillegg kan temperaturen bli lav og vi kan få mykje vind. Vi ser på fleire tiltak for å kompensere for dette, seier Alson Bae.

Assisterende byggeleder for Nye Sotrabru, Alson Bae.
Assisterande byggeleiar for Nye Sotrabru i Sotra Link Construction, Alson Bae.

Klatreforskaling

Tårnbeina vert bygga i etappar på cirka 4,5 meter. Til dette vert det brukt ei sokalla klatreforskaling. Klatreforskalinga er i dette tilfellet ei form som vert nytta om igjen for kvar etappe. Forma blir flytta oppover ved bruk av ein hydraulisk jekk.

Så snart betongen er tilstrekkeleg herda, klatrar forskalinga opp til neste etappe og derav namnet.

– Me støyper om lag ein etappe i veka, seier Bae.

Me har også ei stor tårnkran på plass som skal følge med brutårnet oppover. Den vil bidra med å løfte armering, betong og alt som trengs for å bygge brutårnet.

Måtte unngå mogleg kollisjon med skip

Allereie i tilbodsfasen viste det seg naudsynt å flytte fundamenta lenger opp på land enn det som var illustrert i reguleringsplanen. Dette for å verne tårna mot skipsstøyt. Skipsstøyt er ei sjeldan hending som truleg ikkje ville oppstått i brua si levetid, men konsekvensen kunne i verste fall blitt kollaps av heile brua.

Med noverande plassering er det tilnærma umogleg for eit skip å nå fram og treffe tårna.

Lang byggetid og stort fokus på tryggleik

Lang byggetid er ei generell utfordring ved bygging av hengebruer. Grunnen til dette er at brua sine ulike delar må byggast etter kvarandre.

Brutårna for Nye Sotrabru har ei byggetid på cirka to år, heile brua cirka 5 år til saman.

Det er avgjerande å få god drill på mannskapet med raske og repeterande arbeidsoperasjonar for kvar etappe.

I tillegg medfører arbeid i høgda alltid risiko for ulykker. Fokuset på tryggleik for arbeidarane er difor stort.

I videoen under kan du sjå korleis arbeidet med Ny Sotrabru har gått føre seg det siste året:

Vert bygd i betong

Det kjem til å gå med om lag 28.000 kubikkmeter med betong for å bygge brua.

Det går fram av visualiseringa under at tårnbeina har ei svak helling innover mot køyrebana. Helling på tvers gjev eit betre visuelt uttrykk enn om tårnbeina hadde vore heilt vertikale.

På grunn av mange køyrefelt, har Nye Sotrabru ein ekstraordinær brei brubjelke, slik at tårnbeina må separerast med stor avstand i mellom. Det er ikkje så lett å oppnå eit slankt og elegant utrykk når avstanden mellom tårnbeina er så stor som i dette tilfellet.

Estetikken vert forbetra ved å innføre svak helling inn over mot køyrebana.

Bilde av brutårn. Norconsult.
Tårnbeina blir bundne saman med to tverrbjelkar.

Videoen viser korleis brutårnet vert bygd opp til 145 meter.

Fakta om Nye Sotrabru:

  • Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter.
  • Brua blir 29,5 meter brei
  • Fri innseglingshøgde blir på 50 x 300 meter.
  • Brua får fire felt og eigen sykkelveg med fortau.
  • Til samanlikning er eksisterande Sotrabrua i dag 1236 meter lang med eit hovudspenn på 468 meter. Brutårna er 100 meter høge.

 

 

Nye Sotrabru.

keyboard_arrow_up