Open dag på Sotrasambandet

Skjenet, Statens vegvesen.
Open dag blir arrangert i Statens vegvesen sine kontorlokale på Skjenet på Straume. Foto: Statens vegvesen

Rv. 555 Sotrasambandet inviterer deg som er nysgjerrig på kva som skjer no, og framover til open dag i Statens vegvesen sine lokale på Skjenet torsdag 7. mars.

Dette er tredje gong Sotrasambandet inviterer til open dag. Føremålet med open dag er å bokstaveleg talt opne dørene og invitere interesserte til å kome innom og helse på personane som arbeider i prosjektet i Statens vegvesen og Sotra Link. På open dag får publikum høve til å stille spørsmål og prosjektet presenterer status og framdrift. Vi viser ferske dronebilete og syner deg 3D-modellen av prosjektet slik at du kan sjå kva vi bygger. Tradisjonen tro vert det servert vaflar og kaffi.
Kvar: Skjenet 2, 5354 Straume
Når: 7. mars fra kl. 14.00-19.00.
Sotrasambandet ønsker deg hjarteleg velkomen!
keyboard_arrow_up