No startar bygginga av Nye Sotrabru

Nye Sotrabru er verdas største heildigitale hengebru. I veke 39 skal dei ferdigstøypte senkekassane til brutårnet i Knarrevika fraktast på lekter og senkast på plass.

Brua er designa og prosjektert  av Norconsult for Sotra Link. OPS-prosjektet rv. 555 Sotrasambandet starta bygginga i vår og skal opne for trafikk til sommaren 2027. Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter.

Illustrasjon av Nye Sotrabru
Slik blir brua sjåande ut når den står ferdig om knappe fire år. Brua  blir 29,5 meter brei med fire køyrefelt og sykkelveg med fortau.

Klare til å støypa brutårnet i Knarrevika

Senkekassane er støypt og står ferdige på CCB-basen på Ågotnes. I løpet av veke 39 skal dei løftast over på lekter og verte frakta til Knarrevika. Vi startar no med brufundamentane i Knarrevika på Øygardensida medan vi sprenger for de austre brutårna som skal stå i Drotningsvik.

– Dette er ein stor og viktig milepæl for oss, seier assisterande byggeleiar for Nye Sotrabru i Sotra Link Construction, Alson Bae.

– Etter at senkekassane er på plass kan vi starte med å støype brutårna. Det er motiverende å sjå at bygginga kjem i gang, legg han til.

Assisterende byggeleder for Nye Sotrabru, Alson Bae.
Assisterande byggeleiar for Nye Sotrabru i Sotra Link Construction, Alson Bae.

Senkekassane er om lag 10 x 5 meter, har ei vekt kring 228 tonn kvar og skal senkast ned til 4 meters djupne. Kassane er forskaling til støypinga av fundament til dei 145 meter høge brutårna.

Det kjem til å gå med om lag 28.000 kubikkmeter med betong for å bygge brua.

Krevjande operasjon

Dagslys, vind og flo/ fjære spelar inn når store element skal førast på plass, fortel Matre.

– Det er ein stor og krevjande operasjon for å få senkekassane på rett plass. Når lekteren kjem inn til Knarravika vert kassane løfta ned i sjøen med ein flytekran og dykkarar vil vere i vatnet for å sjå til at plasseringa blir riktig, seier kontraktsansvarleg for Nye Sotrabru i Statens vegvesen, Håkon Matre.

Kontraktsansvarleg for Nye Sotrabru i Statens vegvesen, Håkon Matre.
Kontraktsansvarleg for Nye Sotrabru i Statens vegvesen, Håkon Matre.

I tillegg vil ei undervatnsdrone hjelpa til med å sikre at plasseringa er rett. Og for å finne rett plassering er det ikkje opp med ein stor papirrull – nei, då er det ein tur inn i den digitale modellen som gjeld – for brua finst ikkje på papir, den er heildigital.

Norconsult har konstruert brua digitalt med alle detaljar, og modellen blir som ein digital tvilling til den fysiske brua. Illustrasjon: Norconsult/Nordic

Verdas største heildigitale bru

Nye Sotrabru er verdens største bru som er heildigital i både prosjektering og utføring, og etter kvart forvaltning når ho står ferdig. Norconsult har konstruert brua digitalt med alle detaljar, og modellen blir som ein digital tvilling til den fysiske brua. Det vil seie at brua vert bygd utan teikningar og med den digitale modellen som den einaste kjelda til «sanninga» for alle parter. Dette er i verdssamanheng ikkje gjort i ein så stor skala tidlegare.

Statens vegvesen stiller strenge krav i sine kontraktar for å fremme innovasjon og utvikling av digitale løysingar.

– Fagmiljøet i Noreg er fremst i verda på modellbasert design og prosjektering og det er Norconsult sitt arbeid med Nye Sotrabru eit godt døme på, seier Matre.

Bilde 1 av 2: Tverrsnitt gjennom brutårn og viadukt Knarrvika sett fra Knarrvika mot Drotningsvik. På bildet fra BIM modellen til Norconsult ser man flere av detaljene i modellen, blant annet spennarmering, avfuktningsanlegg, ulike kjøresterke rekkverk, støyskjermer og klatresikkert rekkverk. Illustrasjon: Norconsult/Nordic
Bilde 1 av 2: Tverrsnitt gjennom brutårn og viadukt Knarrvika sett fra Knarrvika mot Drotningsvik. På bildet frå BIM-modellen til Norconsult ser ein fleire av detaljane i modellen, blant anna spennarmering, avfuktingsanlegg, ulike køyresterke rekkverk, støyskjermar og klatresikkert rekkverk. Illustrasjon: Norconsult/Nordic
keyboard_arrow_up