Møt oss på Innbyggjartorget på Sartor

Måndag vart det nye informasjonsstanden til Sotrasambandet opna. Her vil vi vere til stades ein gong i veka for å møte alle som er interesserte i prosjektet vårt- om du er frå Øygarden, Bergen eller andre stader. Standen er bemanna kvar tysdag mellom kl. 13 og 16. 

Her kan du sjå på prosjektet slik det skal bli, og du kan følge framdriften. Vi svarar så godt vi kan på spørsmåla dine, men det kan vere at vi må ta med oss spørsmåla tilbake til ekspertane om det er for innfløkt eller detaljert å svare på for oss som skal stå der.

Takk til varaordførar i Øygarden kommune, Torill Selsvold Nyborg, Prosjektleiar fra Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes og Læringsverksstedet barnehage, Straume, som stod for ei fin markering av opninga.

 

       

 

Nabo med Sotrasambandet? 

keyboard_arrow_up