Sotrasambandet på besøk hos Brattholmen skule med kampanjen «Venner på veien». Saman med Norges lastebileigar-Forbund og Sartor og Drange har me snakka om trafikktryggleik for 1. og 2. klasse.
– Sotrasambandet er eit omfattande prosjekt, og me skal bygge i nærare fem år til. Det kjem til å bli mange lastebilar på vegane. Difor er det viktig for oss at borna på skulane i nærleiken av anleggsområda får god opplæring i trafikktryggleik. Samstundes oppmodar me våre leverandørar til å ta ekstra omsyn i nærleik av skulane, seier leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Sotra Link CJV, Gunn Eklund Breisnes.

Norges lastebileigar-Forbund er ein av initiativtakarane bak kampanjen «Venner på veien», kor målet er å lære borna meir om korleis de skal forhalde seg til store lastebilar i trafikken. Undervisninga føregår i to delar.

Første del føregår i klasserommet og andre del foregår ute i skulegarden. Ute får elevane demonstrasjon av blindsoner og dei får lov til å komme ein tur oppi førarhuset, for å sjå kva utsikt sjåføren har.
Borna får også utdelt refleksvestar og får sjå ein video som viser forskjell på kor synleg ein er i mørket med og utan refleks.
– Det er veldig kjekt å reise rundt med dette programmet. Det er viktig for oss at barna har respekt for lastebilene. Dei skal ikkje vere redde for dei, men vete korleis dei skal forhalde seg til dei store kjøretøya . Det er viktig at dei veit kva ei blindsone er. Det er ikkje lett for sjåførane å sjå trafikkantar som kjem nære lastebilen, sier Jan Ove Halsøy. Han er regionleiar for Norges lastebileigar-Forbund.
18. oktober vil me vitja Kolltveit skule med programmet.
Sotra Link vil nytte høvet til å be alle hugse på å bruke refleks no som ein går inn i haustmørket.
Her kan du sjå video som illustrerer kor mykje lastebilsjåførane ser frå førarhuset: