Møt oss på Innbyggjartorget på Sartor

Informasjonsstanden til Sotrasambandet held til på Sartor senter, i Øygarden kommune sitt Innbyggjartorg. Framover kjem vi til å vere til stades ein gong i månaden for å møte alle som er interesserte i prosjektet vårt – om du er frå Øygarden, Bergen eller andre stader.

Standen er bemanna kvar første tysdag i månaden, mellom kl. 13 og 16. 

Har du lyst å avtale eit møte med nabokontakten vår, eller få «opplæring» i 3D-modellen? Send ein e-post til sotrasambandet@sotralink.no for å lage avtale.

Her kan du sjå på prosjektet slik det skal bli, og du kan følge framdrifta. Vi svarar så godt vi kan på spørsmåla dine, men det kan vere at vi må ta med oss spørsmåla tilbake til ekspertane om det er for innfløkt eller detaljert å svare på for oss som skal stå der.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nabo med Sotrasambandet? 

keyboard_arrow_up