Frå fjell til tunnel – gjennomslag i den første av fire tunnelar på nytt Sotrasamband

10 månader etter at første salve ble avfyrt på vestsida av Kolltveit er det lys i begge ender av dei to løpa på Kolltveittunnelen. 

Her ser vi utløpet av tunnelen mot Bildøystraumen.  På Kolltveit vest, mot Kolltveitmarka, starta vi sprengingsarbeidet i fjor sommar. 10 månadar etter ser vi dagslyset i andre enden.

Gjennomslaget i det nordlege løpet skjer eit lite halvt år før fristen i OPS-kontrakten med Statens vegvesen. Prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes er nøgd med å kunne markere gjennomslag allerede nå.

– Det er stor stas å feire gjennomslag i den første av totalt fire vegtunnelar på nytt Sotrasamband. Arbeidet med å sprenge ut ny Kolltveittunnel har gått føre seg utan problem eller forseinkingar, noko vi er svært glade for. Det må sjølvsagt feirast med kake saman med våre samarbeidspartnarar.

Frist 10. oktober i år

Den første sprenginga for tunnelen ble gjennomført 23. juni i fjor. Ifølge kontrakten med Statens vegvesen var fristen for gjennomslag 10. oktober i år.

– Driving av Kolltveittunnelen har gått etter planen, med godt samarbeid mellom Sotra Link Construction som hovudentreprenør, og LNS som underentreprenør. Vi synst og det er moro å nå milepåle 2 nesten eit halvt år før tidsfristen satt av Statens vegvesen, seier Christopher M. Bjerke, prosjektleiar i OPS-selskapet Sotra Link

Prosjektdirektør i Sotra Link Construction Pedro Manuel Rodríguez Hernández fortel at Sotra Link Construction hadde gjennombrot på det sørlege løpet i slutten av mars i år, men at det ikkje er før no at milestolpen er nådd. For slik er det, det må vere lys i begge endar av dei to tunnelane før det offisielt er gjennomslag.

–  Eg er veldig glad for at vi at vi den 24. april nådde gjennombrotet av det nordlege løpet av Kolltveittunnelen. Dette er ein stor dag for oss alle, og eg vil spesielt takke tunnel-teamet vårt for innsatsen og den profesjonelle innstillinga dei har til prosjektet.

Tunnelarbeidarar frå LNS gjer klart til sprenging, og ladar borehola med eksplosivar.

Over 500 sprengingar er gjennomførte

Over 500 sprengingar er fyrt av i dei to tunnelløpa sidan oppstart i fjor sommar. Over 200.000 kubikkmeter med massar er frakta ut av tunnelen. Massane er blant anna nytta  til å fylle igjen delar av Storavatnet på Kolltveit. Tunnelen er 940 meter lang, og får to køyrefelt i kvar retning. Tunnelen har og tre tverrpassasjer mellom de to tunnelløpa til nødevakuering i tilfelle ulykker eller brann.

Holet gjennom fjellet er berre starten

Det må sjølvsagt vere lys i begge endar av tunnelen, men han er langt i frå  ferdig.  No startar LNS arbeidet med sprøytebetong på tunneloverflata og montering av ankarboltar. Etter det skal underentreprenøren Hylland inn for å sprenge grøfter i tunnelen, og allereie i august byrjar arbeidet med å innreia tunnelen med straum,  vatn- og avløpsrøyr. Det skal og verte montert prefabrikkerte element langs tunnelveggane, også kalla foringar. Desse er produsert av den lokale entreprenøren Nobi.

Siste del av jobben er installering av belysning, vifter, utstyr til brannsløkking og tryggleikssystem i tunnelen. Så ventar omfattande testar av tryggleikssystema i tunnelen før han kan verte godkjend og opne for trafikk. Tunnelen opnar for trafikk saman med resten av riksveganlegget  1. juni 2027.

Nær full aktivitet på anlegget

Det er aktivitet på 9 av dei totalt 11 områda prosjektet er delt inn i. Av arbeid som går føre seg no er mellom anna  støyp av brutårna på Nye Sotrabrua. Tårna blir 145 meter høge, og støypen er komen lengst på Sotrasida der dei no er komen 18,5 meter på nordre tårn og 14 meter på søndre tårn. Driving av den lengste av dei fire tunnelane, Drotningsviktunnelen,  som er om lag 2000 meter er og godt i gang.  Der er dei komen om lag 300 meter inn i begge dei nye løpa. I juni startar sprenginga av Straumetunnelen som skal gå under kommunesenteret Straume, og vidare vest er det mellom anna arbeid med peling til nye bruer over Straumssundet.

 Faktaboks:

    • Kolltveittunnelen er med sine 940 meter den nest lengste av dei fire tunnelane som skal byggast på det nye Sotrasambandet
    • Den har to løp, med to køyrefelt i kva retning
    • Det er avfyrt over 500 salver sidan starten i juni 2023
    • Over 200.000 kubikkmeter tunnelmassar er frakta ut av tunnelen. Massane er mellom anna nytta til å fylle i Storavatnet på Kolltveit
    • Driving av tunnelen er utført av LNS
    • Tunnelen vert opna saman med riksvegsystemet 1. juni 2027

 

Dronebilder av Kolltveittunnelen fra Kolltveit-siden. 18.04.2024.
På Kolltveit vest, mot Kolltveitmarka, starta vi sprengingsarbeidet i fjor sommar.
keyboard_arrow_up