Når den nye Sotrabrua skal byggast, er det heilt nødvendig å stenge Sotraleden ved nokon tilfelle. Stenginga kan vere heil eller delvis, alt etter kva operasjonar som skal gjerast.
Meir og vekesvis oppdatert informasjon finn du på sotralink.no/sotraleden
3. desember vart den siste støypen fullført, og brutårna som ruvar over innseglinga til Bergen har offisielt nådd si fulle høgde på 145 meter.

– Å støype dei to brutårna har vore ei av dei mest krevjande oppgåvene i prosjektet. Vêr og vind rår vi ikkje over, og det har stilt store krav til planlegging og sikkerheit. Nye Sotrabru blir eit landemerke, og det er mektig å sjå dei to tårna stå ferdige, 145 meter over fjorden, seier prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes.

Brubyggjarar i verdsklasse
Brutårna er støypte i etappar på rundt 4,5 meter, og til saman har det gått med over 7 000 kubikkmeter betong. Byggeleiar Manhyung Bae i Sotra Link Construction har solid erfaring frå store bru-prosjekt – mellom anna var han med på bygginga av verdas lengste hengebru, 1915 Çanakkale Bridge i Tyrkia, som stod ferdig i 2022.
Nye Sotrabru sett ikkje verdsrekord, men Bae kan smykke seg med ei Norgesrekord – for nye Sotrabru vil bli den første firefelts hengebrua her i landet. Og ikkje nok med det, brua blir og Noreges breiaste hengebru – nær 30 meter brei blir ho når ho står ferdig.
– Rekordar er alltid kjekt, men det er dei særeigne utfordringane i kvart prosjekt som gir meg motivasjon. Eg er svært fornøgd med innsatsen til teamet som har jobba med brua. No byrjar vi førebuingane til det komande arbeidet med hovudkabelen – vår neste store utfordring, seier Bae.

Vêr og vind har påverka arbeidet
Arbeidet har vore sterkt påverka av vêrforholda, og ved vind over 15 meter i sekundet har arbeidarane måtta evakuerast ned frå brutårna. Vêret er han vand til å følje med på, skilnaden her er at det ikkje berre er vind men og mykje regn som spelar inn på arbeidet
– Vêrmeldingane er noko av det eg har følgt mest med på dei siste to åra, seier Bae med eit smil.
Luftig catwalk
På nyåret blir det for første gong fysisk kontakt mellom dei to brutårna. Då startar arbeidet med å strekkje mellombelse kablar og montere arbeidsplattformen – «catwalken» – over fjorden. Dette markerer starten på den spektakulære operasjonen med å få hovudkablane på plass.
Kabelarbeidet er venta å starte i starten av februar. Arbeidet vil i periodar krevje full eller delvis stenging av leden. Meir presis informasjon om tidspunkt for stenging kjem nærmare oppstart. Også denne arbeidsoperasjonen er svært vêravhengig.
Når hovudkablane er på plass, skal hengjestenger monterast, og brudekket – som består av 27 stålkassar – skal hengjast opp. Kassane er ferdigproduserte i Kina og skal fraktast med skip sommaren 2026. Transporten er venta å ta om lag tre månader.
Fakta om brutårna
- Arbeidet med tårna starta hausten 2023
- 7 188 kubikkmeter betong har gått med
- 2 052 tonn armeringsjern held betongen saman
- Om lag 55 arbeidarar har dagleg vore i arbeid med dei to tårna
- Betongarbeidet er utført av Tecozam
Fakta om Nye Sotrabru
- Hovudspenn: 608 meter
- Total lengde: 901 meter
- Brutårn: 145 meter
- Breidde: 29,5 meter
- Fri innseglingshøgde: 50 x 300 meter
- Fire felt og eigen sykkelveg med fortau
- Til samanlikning: dagens Sotrabru er 1 236 meter lang med hovudspenn på 468 meter og brutårn på 100 meter