Nytt køyremønster på Storavatnet og i Godviksvingene

Fredag 7. februar trer nytt køyremønster på Storavatnet i kraft, og Godviksvingene blir stengt for trafikk i begge retningar. 

Dette køyremønsteret vil vare fram til sommaren 2025. Gang- og sykkelvegen i Godviksvingene blir halden open. Han får ein noko endra trasé, men dette blir skilta.

Hovudendringar

  • Godviksvingene: Blir stengt for trafikk i begge retningar. Dette gjeld strekninga mellom rundkøyringa ved Olsvikskjenet og Storavatnet.
  • Trafikk til Askøy: Det eksisterande køyremønsteret mot Askøy vil bli oppretthaldt, men med ei viktig endring: kollektivfeltet blir omgjort til eit avkøyringsfelt mot Askøy og vert kopla på dagens trase for Godviksvingene like før terminalen.

Trafikk frå Askøy må, som i dag, ut på rv. 555 i retning sentrum. Det vil og gjelde bussane, som følgje av at Godviksvingene vert heilt stengt for trafikk.

Nytt avkøyringsfelt mot Askøy

For å oppretthalde kapasitet i retning Askøy vert kollektivfeltet på riksvegen like før terminalen gjort om til avkøyringsfelt mot Askøy. Det betyr at dei to felta lengst til høgre på riksvegen etter avkøyringa til Olsvik/Loddefjord går mot Askøy, medan feltet til venstre går mot Sotra, som vanleg.

Den nye avkøyringa til Askøy er ferdig asfaltert. Den vil bli skilta og merka opp natt til fredag.

Ber trafikantane hjelpe kvarandre fram

Prosjektsjef Lene Sælen Rivenes hos Statens Vegvesen håpar trafikantane fortset å hjelpe kvarandre fram og oppmodar trafikantane spesielt til å hjelpa bussane fram i rundkøyringa ved terminalen.

Mindre endringar for kollektiv – inga endring for Sotratrafikken

Det vil ikkje vere endringar i stoppestader for bussane, men bussar frå Askøy kan ikkje lenger køyre Godviksvingene, men må inn på rv. 555 ved Storavatnet terminal. Trafikken til og frå Sotra vil gå som vanleg. Fotgjengarar og syklistar kan framleis gå og sykle langs Godviksvingene.

Skyss aukar avgangar på buss og båt på Askøy

Frå januar 2025 skal Skyss auke talet avgangar med Askøybåten og forbetre rutetilbodet på Askøy. Endringane i køyremønsteret på Storavatnet er tilpassa denne datoen

Færre bilar på vegen er den einaste løysinga for å unngå køane, og vi oppfordrar derfor dei som kan til å reise kollektivt eller samkøyre, reise på andre tidspunkt eller ta heimekontor dersom det er mogleg, slik at alle kjem seg fram, seier Rivenes

Arbeida ved Storavatnet aukar på

Sotrasambandet har no full drift, og vi er halvvegs i byggjetida. Trafikantar og reisande i gjennom området ved Storavatnet vil frå neste år merke arbeida med ny riksveg endå meir.

I 2025 blir arbeida i dette området intensivert, og vi må vere ærlege og førebu trafikantane på at det blir krevjande å kome seg fram.

Fram til trafikkopning 1. juni 2027 skal heile trafikkløysinga på Storavatnet byggast om, og køyremønsteret vil bli endra fleire gonger.

Sjå video av den nye køyremønsteret under:

keyboard_arrow_up