Gjennomslag i den tredje av fire vegtunnelar på Sotrasambandet

Eitt drøyt halvår etter at første salve blei avfyrt, ser ein no lys i begge endar av Knarrvikatunnelen.

Endeleg ser ein dagslyset i enden av Knarrvikatunnelen. Foto: Sotra Link Construction

 

Det er tunnelløpet i retning Bergen  som i går ettermiddag fekk gjennomslag. Gjennomslag i motgåande løp er venta innan kort tid. Den om lag 650 meter lange Knarrvikatunnelen går mellom Valaskiftet, ved ilandføringa av Nye Sotrabru på Sotrasida, og Arefjordpollen på Sotra. Knarrvikatunnelen får to tunnelløp med to felt i kvar retning og er den kortaste tunnelen på det nye Sotrasambandet. Med støypte portalar i begge endar blir tunnelen 748 meter lang når den står ferdig. 

Første salve blei avfyrt 28. mars i år

Prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes fortel at arbeidet med Knarrvikatunnelen har gått godt og effektivt.

– Arbeidet med tunnelen har gått veldig bra, og vi er glade for å ha oppnådd gjennomslag i den tredje av fire vegtunnelar på Sotrasambandet. Tunnel-laget i Sotra Link Construction som står for arbeidet har gjort ein flott jobb, seier Rivenes.

Massane frå tunneldrivinga har vorte frakta til Arefjordpollen og Storavatnet i Loddefjord. Totalt har det gått med 176 salvar for å oppnå gjennomslag i austgåande løp. For gjennomslag i heile tunnelen vil det gå med om lag 366 salvar.

 

Riksvegen vil gå vidare frå tunnelmunningane og ut på ei fylling over Arefjordpollen.

«Nyevegen» tar form

Det nærmar seg gjennsomslag i alle dei fire vegtunnelane, og med det vert traseen for «nyevegen» meir og meir synleg. 

Frå tunnelmunningane i Arefjordtunnlenen  skal riksvegen gå  vidare mot vest over ei fylling i Arefjordpollen og  deretter vidare i dagen før han blir leia inn i Straumetunnelen. For avkøyring og påkøyring til/frå Straume sentrum  blir det laga rampesystem ved Arefjordpollen. 

Frå før er det gjennomslag i Kolltveittunnelen (april 2024)  og Straumetunnelen (juni 2025). Gjennomslag i den lengst tunnelen på prosjektet, Drotningsviktunnelen, er venta i løpet av hausten.

Tunnelmunningane i Valaskiftet.

 

Fakta om Knarrvikatunnelen:

  • Søndre løp (mot Bergen): 612 meter
  • Nordre løp (mot Sotra): 651.5 meter
  • Tunnelbygginga er utført av Sotra Link Construction
  • Tunnelen får to løp, med to felt i kvar retning.
keyboard_arrow_up